Om oss

Kvarts består av:
Jo Asgeir Lie, trekkspel
Øystein Rudi, fele, hardingfele
Tom Willy Rustad, kontrabass, gitar, torader, seljefløyte, munnharpe
Erlend Styve, gitarar

Last ned
Filigran - Skålhalling, 1.00 klipp
Filigran - Springar med fanatisk F, 1.00 klipp
Skal, skal ikkje, - Med stav og hatt, 1.00 klipp

 

Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har mellom anna vunne to Spellemannprisar. Gruppa har heilt frå starten vore solid rotfesta i den norske folkemusikken, og med ei rekkje instrument, og med humør og speleglede har gruppa fått eit stort publikum. Repertoaret til Kvarts er ein smakfull kombinasjon av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale.

Gruppa har heilt sidan starten hatt eit ynskje om å samarbeide med andre musikarar. Kvartetten har hatt svært vellukka samarbeid med ei rekkje kjende norske musikarar, som t.d. Kringkastingsorkestret, Jonas Fjeld, Berit Opheim, Sondre Bratland, Hemsing-søstrene og Birger Mistereggen.

 Kvarts har gjeve ut fire cd-ar. Fyrste CD'en til gruppa, Kvarts, fekk Spellemannprisen for 1999 for beste folkemusikk/gammaldansproduksjon. Oppfylgjarplata som kom i 2001, Filigran, vart også nominert til Spellmannprisen. I 2004 gav dei ut musikken frå framsyninga Skal, skal ikkje, og i 2006 kom den førebels siste plata, Steinsprang. For denne produksjonen fekk dei den andre Spellemannprisen. Kvarts gjev i 2008 ut to cd-produksjonar; Ekte døl, med musikk av trekkspelaren Oddvar Nygaard, og Folkemusikk i symfoni, som er liveopptak frå konsertane Kvarts hadde saman med Kringkastingsorkestret (KORK) i 2007.

Kvarts har fått lov til å komponere musikk til fleire større bestillingsverk. Gneistar (2000), under Den Norske Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal var startskotet, og så følgde Skal, skal ikkje (2002) under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, og som turnè med Rikskonsertene same året. Musikken til folkemusikkmessa Messe for tvil (2005) vart skrive på bestilling frå Tvilsdagene på Hamar,  Musikalske vossastubbar (2007) vart skrive på oppdrag frå Voss Spelemannslag, og vart urframført under Osafestivalen i 2007. I 2009 fekk Kvarts tinging frå Den Norske Folkemsuikkveka og Jørn Hilme Stemnet på musikk til ein konsert med Ranhild og Eldbjørg Hemsing. Resultatet vart tingingsverket Tonar til hjarta. Det nyaste tingingsverket sålangt vart tinga av Vossa Jazz, og fekk tittelen Vozzakvarts. Dette var eit av tingingsverka til festivalen i 2010. Med på Vozzakvarts var Helge Lien (piano), Torben Snekkestad (saksofonar) og Birger Mistereggen (perkusjon).

Jo Asgeir Lie
(f.1972) bur i Ål i Hallingdal, men er opphaveleg frå Voss. Han spelar trekkspel i kvartetten, og har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole med klassisk akkordeon som hovudinstrument. Våren 1998 tok han hovudfagseksamen i folkemusikk med trekkspelaren og komponisten Oddvar Nygaard som hovudemne. Han har medverka på eit titals plateproduksjonar,  turnert i inn- og utland, og har spela med mange ei lang rekkje norske og utanlandske musikarar innafor ulike sjangrar. Han skriv og arrangerer også musikk for fleire ensemble. Mellom anna skreiv han i 2003 tingingsverket ”Vinterliv,” på bestilling frå trioen Tre Begrædelige Piger. Verket vart også gjeve ut på cd i 2004, og produksjonen vart nominert til Spellmannprisen dette året. I 2005 komponerte han musikken til teaterframsyninga ”Dødsdansen på Norefjell.” Dette var ei bestilling frå Den Norske Folkemusikkveka. I 2007 fekk han bestilling på eit stykke for den amerikanske saksofonkvartetten The Erie Saxophine Quartet. Dette stykket fekk tittelen Dances for clouds. Til dagleg arbeider han som rektor i Ål kulturskule, og har også vore timelærar og føredragshaldar ved Norges musikkhøgskole og ved Ole Bull Akademiet.

Øystein Ovrum Rudi
(f.1969) kjem frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Han har lært av ei rekkje spelemenn, særleg i Gudbrandsdalen, men og frå andre kantar av landet. Øystein driv i dag ei omfattande verksemd som spelemann solistisk, i Kvarts og med ei rekkje andre musikarar. Han har fire Spellemannsprisar i klassa folkemusikk. Øystein vann Landskappleiken i 1997 og 1998, og har dei andre åra han har stilt opp plassert seg mellom dei fremste i A-klassespelemennene. I 10 år var han musikalsk leiar for Sør-Fron spelemannslag. I tillegg til utøvande verksemd gjennom ei rekkje turnear både i inn- og utland, og han har i det seinare vore mykje nytta som lærar ved Ole Bull Akademiet på  Voss, og han driv opplæring på prosjektbasis i høve til mange yngre utøvarar. Dei siste åra har han bygd opp Rudi Gard til å bli eit kulturelt kraftsenter i Sør-Fron og Midt-Gudbrandsdalen, og har m.a. motteke Oppland Fylke sin kulturpris, kulturprisen i Sør-Fron og Bygdeturismeprisen som honnør for arbeidet han har lagt ned.

 

Tom Willy Rustad (f.1966) kjem frå Oslo og har ein allsidig musikalsk bakgrunn, der far og bestefar har vore sentrale læremeistrar. Han var den fyrste som tok hovudfag i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Emnet for hovudoppgåva var folkemusikken på einradar. Han har også gjort eit stort forskingsprosjekt på einradartradisjonen i Hallingdal. Tom har også 4-årig utdanning i klassisk gitarspel frå Norges musikkhøgskole. Han har vore lærar ved folkemusikklinjene i Valle i Setesdal og på Fagernes, og foredragshaldar både ved Raulandsakademiet og Ole Bull akademiet. Han har vore på mange konsertturnear i inn- og utland, mellom anna saman med Kirsten Bråten Berg og Ånon Egeland. Han er i dag tilsett som fyrsteamanuensis på folkemusikkutdanninga ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, i tillegg til at han arbeider ved folkemusikklinja på Vinstra Vidaregående Skole.

Erlend Styve (f.1971) kjem frå Voss. Han er ein allsidig musikar som arbeidar innan fleire sjangrar, og då særleg mykje med roots / country og ulike former for populærmusikk og dansemusikk. Han har medverka på fleire plateinnspelingar, og har vore gitarist i ulike folkemusikk- og gammaldansgrupper. Til dagleg jobbar Erlend som lærar ved musikkskulane i Granvin, Eidfjord og Ulvik, og har sin eigen Rockabillytrio – Twang Gang – (sjå: www.twanggang.no ). Han er også mykje brukt som frilansgitarist i ulike samanhangar.


KVARTS har vore engasjert på eit breidt spekter av festivalar. I tillegg har gruppa hatt store jobbar i “ikkje folkemusikalsk” samanheng. 

Døme på dette er:

 

  • P2 session i Studio 19, NRK P2
  • Konsertar med Jonas Fjeld
  • Konsert med Kringkastingsorkestret, Den Norske Folkemusikkveka
  • Linköping Folkmusikfestival
  • Konsert for Den Norske Ambassaden i Tyrkia
  • Tvilsdagene, Hamar
  • International Grüne Woche, Berlin
  • ICA World Conference, Oslo Plaza
  • Den Norske Folkemusikkveka
  • Telemarkfestivalen
  • Førde Int. Folkemusikkfestival, Førde
  • Osafestivalen
  • Jazzklubben BLÅ, Oslo
  • Folk Alliance Conference, Jacksonwille, Florida
  • Millennium Stage, Kennedy Center, Washington DC
  • NRK-musikere under OL i Salt Lake City
  • NRK Sommeråpent,
  • NRK Spillerom
  • Norsken, Falun
  • Korrö Folkmusikfestival
  • Oslo Konserthus og Olavshallen
  • Skulekonsertproduksjonar for Rikskonsertene
  • Kveldskonsertturnear for Rikskonsertene/ Musikantbruket


     

     

Developed by BeWide Technologies     Published with WideCMS 4