Kvarts og Hemsing-systrene på Jørn Hilme Stemnet

«Tonar til hjarta» er eit nyskrive tingingsverk av gruppa Kvarts for Jørn Hilme-stemnet og Den Norske Folkemusikkveka i Ål.

Samarbeidet med fiolinistane Ragnhild og Eldbjørg Hemsing skal ha vore etterlengta frå begge hald. Både Hemsing-systrene og Kvarts har ein fot i både klassisk musikk og folkemusikk, og dette har ført til eit spennande samarbeid.
Ved å setje saman eit program med klassisk musikk og folkemusikk i same konsertprogrammet, kan publikum høyre musikk som skjeldan blir presentert på same konserten. Vel møtt til konsert!
Developed by BeWide Technologies     Published with WideCMS 4