![]() |
|
|
Kalender
|
Kvarts på USA-trunéDette er andre gongen Kvarts er i USA, og denne gongen gjekk turen til ei rekkje mindre byar i midt-vesten. Det norsk-amerikanske miljøet i i dette området er stort, og det med hjelp frå gode lokale arrangørar, fekk kvartetten eit stort og godt publikum, i tillegg til god mediedekning. I løpet av dei ni dagane heldt Kvarts ulike konsertar og workshop i Northfield, Minnesota, Decorah, Iowa, Mt. Horeb, Wisconsin, og i Madison, Wisconsin. Midt-Vesten i månadsskiftet mars-april er lunefullt, og konserten som Kvarts skulle halde i Fergus Falls i Minnesota vart avlyst på grunn av snøstorm!
Dette var ein viktig turné for Kvarts, då det gjennom fleire år har synt seg at gruppa har ein solid tilhengarskare i USA. Tilbakemeldinga frå publikum var svært god, og Kvarts er allereie i gang med å planlegge fleire turnéar både i Midt-Vesten og i andre delar av landet. Turnéen var støtta av DU si reisestøtteordning. |
| Developed by BeWide Technologies Published with WideCMS 4 | |