Stålande kritikk etter konserten Vozzakvarts

Nedanfor følgjer delar av konsertmeldinga som stod i Avisa Hordaland 27. mars. Heile artikkelen kan lesast her: http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/herleg-himmeltur/




(...) Publikum var trollbundne av VozzaKvarts sin magiske miks av jazz og folkemusikk.  

Vossa Jazz har eit breitt program. Medan somme konsertar kan opplevast som vanskeleg tilgjengeleg, er VozzaKvarts som intravenøs honningmjølk. Stemninga gjekk rett i kroppen. (…)

 (…) Kvarts er til vanleg Jo Asgeir Lie (trekkspel), Øystein Rudi (fele/hardingfele), Tom Willy Rustad (kontrabass, gitar, toradar, munnharpe) og Erlend Styve (gitar). Det utvida VozzaKvarts hadde henta inn Birger Mistereggen (perkusjon), Helge Lien (piano) og Torben Snekkestad (saksofon). Eit særdeles vellukka val! Saman baud dei på ein overflod av musikalitet og profesjonalitet, godt miksa med humør og scenesjarm.

 VozzaKvarts sitt tingingsverk er eit godt prov på at musikken trivst best når den slepp å vera i bås. Jazz-synkopar og improvisasjonar balanserte lettbeint mellom bestemte folkemusikkrytmar (…)

 (Anne Rivenes, Avisa Hordaland)

Developed by BeWide Technologies     Published with WideCMS 4